Bjørn Kåre fekk kunstnarstipend

Musikar Bjørn Kåre Odde frå Garmo har fått kunstnarstipend frå Oppland fylkeskommune.

Kunstnarstipend Bjørn Kåre Odde er tildelt kunststipend for kunstnarar i etableringsfasen frå Oppland fylkeskommune. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Nyheiter

Kvart år deler Oppland fylkeskommune ut kunstnarstipend til unge og etablerte kunstnarar. 

Det er to kunststipendordningar som blir delt ut: Kunststipend for kunstnarar i etableringsfasen og arbeidsstipend for etablerte kunstnarar.

I år vart det sendt inn 45 søknader om kunstnarstipend. Dette er ei kraftig auke frå tidlegere. Til samanlikning var det 20 kunstnarar som søkte om stipend i fjor.

Stipendkomiteen som i år har behandla søknadene har bestått av: Hallfrid Velure, Solveig Rønningen, Tone Nyseter, Carina Gjelsvik, Thomas Bjerke og Kyrre Dahl. Sekretær for komiteen var Marit Brænd.

Mottakarar av kunstnarstipend frå Oppland fylkeskommune 2017:

-        Bjørn Kåre Odde (Lom): Kunststipend for kunstnarar i etableringsfasen.

-        Aleksander Stav (Gran): Kunststipend for kunstnarar i etableringsfasen

-        Maja Bekken (Otta): Kunststipend for kunstnarar i etableringsfasen

-        Henning Olav Espedal (Kapp): Arbeidsstipend for etablerte kunstnarar

-        Leif Høghaug (Gran): Arbeidsstipend for etablerte kunstnarar

Kunstnarstipenda vart delt ut under ein seremoni i Kulturhuset Banken på Lillehammer tysdag.

Om Bjørn Kåre Odde skriv juryen:

Bjørn Kåre Odde er utdanna folkemusikar som held eit høgt nasjonalt nivå innan sitt felt. Han har utdanning frå Norges Musikkhøgskule i utøvande folkemusikk, og har nå flytta attende til Lom.

Odde har mange suksessfulle og spennande prosjekt bak seg allereie, trass sin unge alder, både som utøvande musikar, men også som komponist. Som komponist har han spesielt utmerka seg både nasjonalt og internasjonalt med komposisjonen og bestillingsverket «Snilla Patea», for kor og solo fele.

Han har fått ei rekkje prisar som Folkealarmprisen, Toneprisen og Øivind Berghs minnepris.

I åra som kjem ynsker Bjørn Kåre å jobbe med komposisjonar og utvikling av ny musikk, dokumentasjonsarbeid i Ottadalen, samt jobbe med nyskapande musikkonsept med andre folkemusikarar.

Heile komiteen er samrøystes i at Bjørn Kåre Odde er ein musikar som viser stort kunstnarisk spenn og har stor profesjonalitet i alt han gjer. Bjørn Kåre vil være en stor ressurs i Oppland, som vi forventar å både sjå og høyre mykje frå i åra framover.