DNT-feiring i Lom

DNT Gudbrandsdalen fyller 10 år i år. Feiringa har dei lagt til Lom fyrstkomande laurdag.

Foredrag Bjørg Lund og Mai Bakken skal halde foredrag om turane til Nepal og Argentina. Foto: Arkiv/Privat

Nyheiter

– Sjølvsagt skal vi feire i Lom, seier Therese Heramb, dagleg leiar i DNT Gudbrandsdalen.

Med glimt i auget slår ho fast at Lom er hjartet av Gudbrandsdalen.

– I tillegg har vi eit særs godt samarbeid med Fjellsenteret i Lom. Derfor var det naturleg at vi valde nettopp Lom som staden for feiringa, seier ho.

Arrangementa er opne for alle. Allereie laurdag morgon inviterer DNT Gudbrandsalen til tur på tre-fire timar, med start frå Fjellsenteret. Turleiar er Nils Arne Haugen. Kvar turen skal gå, er ikkje endeleg bestemt. Seinare same dag blir det natursti for både barn og vaksne, med spørsmål og konkurranse – og moglegheit til å få steikje seg pinnebrød ved fjellsenteret. Vidare blir det mogleg å ta traversen over Bøvra eller høyre på Bjørg Lund og Mai Bakken som skal halde foredrag om turane til Nepal og Argentina. Her vil det òg koma informasjon om korleis det går med skuleprosjektet dei to eventyrlystne damene har i Nepal.

– Og det vil vera mogleg å donere eit lite beløp til prosjektet. Dette vil det bli fortalt meir om laurdag. Hjarteleg velkomne til alle som vil vera med, inviterer DNT-leiaren.

Feiring med turar Therese Heramb i DNT Gudbrandsdalen inviterer til turar og sosialt samvær i høve 10-årsdagen.Foto: Arkiv/Guro Vollen, Dølen