Postkassehærverk i Lom

Fleire postkassar i Lia og i Kollavegen i Lom vart utsett for hærverk natt til sundag.
Nyheiter

Lensmann i Skjåk, Jonny Gundersen, fortel at politiet har fått fleire meldingar om saka.

– Somme postkassar er øydelagde, andre er fjerna. Eg oppmodar den eller dei som står bak om å ta kontakt. Rydd opp, ta ansvar – så blir det ikkje noko etterspel, seier Gundersen.

Politiet ber folk ta kontakt dersom dei har sett noko – eller nokon – i dei aktuelle områda laurdag kveld og natt.