Kan bli ruskete på fjellet:

Uvêr i vente

Det kan bli travaleg å køyre på fjellovergangane.

Ruskete Det kan blir ruskeføre og dårleg sikt på fjellovergangane i helga.Foto: Arkv/Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det er venta mykje nedbør og vind på Nordvestlandet i kveld og natt, og nedbøren legg seg som snø i fjellet.

Fylkesveg 63 Langvatn-Geiranger blir stengt frå klokka 18 fredag kveld. Det vil bli gjort ei vurdering om opning laurdag morgon. Frå før er Gamle Strynefjellsveg, fv. 258, vinterstengt.

Trafikantar kan halde seg oppdaterte på trafikkmeldingane hjå Statens vegvesen

Meteorologisk institutt melder om at det kan bli vanskelege køyreforhald. Statens vegvesen har ei rekke webkamera langs vegnettet som trafikantane kan nytte saman med trafikkmeldingane til å orientere seg om føret.