Nå kan du søkje i skattelistene

Frå i dag er skattelistene for inntektsåret 2016 tilgjengelege for søk på Skatteetaten sine nettsider.

Søk i skattelistene Fredag morgon vart skattelistene tilgjengelege for søk på Skatteetaten sine nettsider. Foto: Skjermbilde

Nyheiter

Frå fredag 27. oktober klokka 07.00 er det mogleg å søkje i skattelister på skatteetaten.no.

Stortinget vedtok i 2013 at det skal loggast kven som søkjer i skattelistene. Det inneber at du får vite kven som har søkt på deg i skattelistene.

Når du har logga deg inn for å søkje i skattelistene, er det ei eiga fane med statistikk over kven som har søkt på deg. Du får sjå namn, fødselsår, postnummer og poststad for den som har søkt.

Lista over kven som har søkt på deg og sett opplysningane dine, blir oppdatert ein gong i timen.

Det blir innført 16 års aldersgrense for å kunne søkje i skattelistene.

Skattelistene inneheld desse opplysingane:

  • namn på skattytarane
  • fødselsår (organisasjonsnummer for selskap)
  • postnummer og poststad
  • kommune
  • nettoinntekt (omfattar ikkje tillegg i alminneleg inntekt etter skattelova § 10-42) 
  • nettoformue
  • skatt

Det er ikkje mogleg å reservere seg mot å stå i skattelistene. Dette gjeld både skattelista som blir lagt ut på skatteetaten.no, og skattelista som blir distribuert til pressa.