Klare for NM-finalen for kokkelærlingar

Kokkelærlingane Oskar Devik Olsen frå Bessheim og Camilla Brendjord Hetland frå Vianvang vann lærlingkonkurransen på Hamar onsdag og er klare for NM-finalen i Rogaland i januar 2018.

Til NM-finalen Oskar Devik Olsen frå Bessheim og Camilla Brendjord Hetland frå Vianvang (ståande bak) er klare for NM-finalen i Rogaland i januar 2018 etter at dei vann lærlingkonkurransen på Østlandske Storhusholdning på Hamar onsdag. Framme til høgre står Lisbeth Risheim og An-Magrit Bjørnerås Langøien, også dei frå Bessheim og Vianvang. Dei kom på bronseplass.Foto: Østlandske Storhusholdning

Nyheiter

Under messa til Østlandske Storhusholdning i Hamarhallen onsdag, var kokkelærlingar frå Hedmark og Oppland i aksjon i konkurransen som var uttak til NM-finalen som går av stabelen i Rogaland i januar 2018.

Det er Kokkenes Mesterlaug Hedmark og Oppland som står bak HedOpp-meisterskapet.

Det var Oskar Devik Olsen frå Bessheim og Camilla Brendjord Hetland frå Vianvang som vann konkurransen. Lagleiar for vinnarduoen frå Oppland var Sindre Kristiansen Ruste.

Restaurant Forstmanns lag i Elverum kom på sølvplass, medan det andre laget frå Bessheim/Vianvang, beståande av Lisbeth Risheim og An-Magrit Bjørnerås Langøien, sikra bronseplassen.

Dei andre tre laga som deltok i konkurransen, vart plassert på fjerdeplass. Blant desse var Oskar Devik Olsen og Camilla Brendjord Hetland, også dei frå Bessheim og Vianvang.

Menyen lærlingane laga til juryen var skalldyr-mousseline til forrett, hovudretten  skulle innehalde gårdskylling og desserten skulle innehalde plommar.

Deltakarane laga mat til åtte personar, og alle rettane på tallerken. Laga hadde tre timer på seg, inkludert 15 minutt med lagleiar på kjøkkenet før start.

– Vi er glade og stolte over kokkelærlingane våre, seier Bjørg Aaseng Vole i Opplæringskontoret Brimikjøken.

Saka er henta frå horecanytt.no