Ein ung bebuar på ei privatadresse i Lom vart uroa da ein person tok seg til adressa hans for å lage bråk måndag morgon, og bebuaren varsla difor politiet.

Operasjonsleiar Per Solberg i Innlandet politidistrikt opplyser at ein politipatrulje oppsøkte adressa og tok med seg ein person til lensmannskontoret i Lom for vidare samtale.

– Bebuaren heldt døra låst til politiet kom, så det oppstod ikkje noko form for fysisk kontakt mellom partane, seier Solberg.

I fylgje operasjonsleiaren fekk politiet melding om hendinga rett før klokka 08.