Somna - køyrde av vegen

Ein person er sendt sjukehuset etter å ha køyrt av riksveg 15 i Garmo.

Ulykke Ein bil har køyrt av vegen i Garmo.

Nyheiter

Klokka 11.45 måndag køyrde ein bubil av vegen på riksveg 15 ved Hesthagen i Garmo.

Det var ein person i bubilen.

I følgje operasjonssentralen i Politiet Innlandet kom sjåføren seg ut av bilen på eiga hand. Vedkommande skal ha smerter i ein fot.

Sjåføren, ein mann i 60-åra frå Stryn, er sendt til sjukehuset på Lillehammer for sjekk.

Sjåføren har forklart at han hadde somna. Politiet har beslaglagt førarkortet til mannen.