For fjerde gong leitar Gule Sider etter Noregs beste firmanamn.

Av 300 nominerte firmanamn har juryen valt ut 20 delfinalistar. Nå er det opp til folket å stemme fram kva for ti firmanamn som skal til finalen, der Lugumstugu i Vågåmo er ein av delfinalistane.

Målet med kåringa er å lyfte fram små- og mellomstore bedrifter.

– Det er mykje kreativitet blant små- og mellomstore bedrifter over heile landet, og det er utruleg artig å sjå det store engasjementet nordmenn viser for bedrifter i sitt lokalområde. Nå håpar vi alle blir med og stemmer frem sine favorittar, seier Renate Morken, kommunikasjonssjef i Gule Sider/Eniro.

Juryformann i kåringen er Merethe Nyvold Johannessen i det nordiske kreative byrået Patchwork.

Ho seier at dei er på leiting etter eit kreativt firmanamn som fortel kva bedrifta leverer, og som samstundes gjev assosiasjonar eller har ein ekstra «snert» som gjer at det er firmanamn ein lett hugsar.

Publikum kan nå stemme på sin favoritt blant dei 20 delfinalistene fram til 28. oktober. Dei ti firmanamna med flest stemmer blir med i finalen der juryen kårar ein vinnar. Vinnaren vil bli annonsert i midten av november.

– Dette var ei stor overrasking ein månadsmorgon, sa Marit Steinfinsbø og Mette Ragnhild Valde Damstuen da dei vart kjent med at dei er i semifinalen.

– Dette var artig, sa dei to.

Her kan du stemme på din favoritt: bestefirmanavn.no