Vågåjenta Merete Berg jobbar til dagleg på Karita dame- og herrefrisør i Vågå.

Dette var andre året på rad at 28-åringen kom til finalen i konkurransen «Tendenz Stylist Award», der landets beste stylist blir kåra. I fjor kom Merete Berg på ein andreplass i den prestisjetunge konkurransen.

I år gjekk vågåjenta heilt til topps i «Tendenz Stylist Award», og laurdag kveld vart ho kåra til Noregs nye toppstylist under eit arrangement på Fornebu.

Årets tema i konkurransen var Nordic Fusion, og i konkurransen har Merete Berg brukt Thea Bergli Skottlien som modell.

Det har ikkje lykkast Fjuken å få tak i Merete Berg for ein kommentar etter kåringa.

– Det er artig å vere med på noko slikt. Artig å vise fram at vi her oppi også kan hevde oss, og ikkje berre bydamer, sa den nye toppstylisten til Fjuken da det vart kjent at ho var ein av finalistane i konkurransen tidlegare denne månaden.