TV-aksjonen 2017 går i år til verdas største hjelpeorganisasjon UNICEF, og deira arbeid for utdanning blant barn som er ramma av krig og konflikt.

Berre i Oppland er 3.000 friviljuge klare til å samle inn pengar til årets formål på aksjonsdagen som er i dag, sundag.

I løpet av denne ettermiddagen vil alle husstandar få besøk av ein bøsseberar.

I Lom går dei friviljuge bøsseberarane ut klokka 15.00, i Vågå klokka 16.00, og i Skjåk klokka 16.30.

Ta godt i mot bøsseberarane når dei kjem.

Det er elles mogleg å støtte TV-aksjonen gjennom Vipps, sms, telefon og bankkonto.

På TV-aksjonen si offisielle nettside kan ein sjekke resultatet for kvar enkelt kommune fortløpande utover ettermiddagen og kvelden.