Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Oda Steinehaugen som fyller 7 år i dag, den 21. oktober. Ho kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Oda vart gratulert i avisa av Sigrid, Ida, mamma, pappa, bestemor og bestefar.

Gratulerer med dagen, Oda!