– Eg prata med Lom kommune og Gudbrandsdalsmusea fyrst. Dette er noko eg har tenkt på lenge, men ikkje fått gjort før nå, seier initiativtakar Tor Arne Sandviken.

Fredag kveld vart forbipasserande møtt med at Storstabburet i Lom var ljossett i rosa.

– Eg gjer dette for å vise solidaritet med dei som lider av brystkreft og kreft generelt, og for å støtte brystkreftaksjonen «Rosa sløyfe», seier Sandviken.

Ljosfilter har han fått tak i hjå Vågå kommune, same type filter som er brukt ved Jutulporten i Vågå.

Tor Arne Sandviken fortel at Storstabburet vil lyse rosa resten av oktober som er «Rosa sløyfe»-månaden.