Det var skigruppa i Lom IL og I.S.A. (International Sokkeseg Assosiation) som stod bak det som etter alt å døme var verdas fyrste meisterskap i sokkeseg. Meisterskapen gjekk føre seg utanfor Bakeriet i Lom laurdag føremiddag i samband med årets Lomsfest.

Sokkeseg er ein aktivitet som mange fjellvandrarar har eit forhold til. Kven har ikkje starta fjellturen med friskt mot og høge sokkar, for så å oppleva at motivasjonen samlar seg fremst i fjellskoa saman med sokkane?

18 juniorar og 11 seniorar deltok i meisterskapen i Lom laurdag, og kjempa om den aller fyrste VM-tittelen i idretten.

I juniorklassa vart det hoppa eitt hopp, medan seniorane fekk to hopp kvar, der summen av båe hoppa vart resultatet. Båe føtene vart målt, og høgda det vart hoppa frå var 70 centimeter.

Ivar Fjeld vann juniorklassa med eit sokkeseg på 150,5 millimeter.

I seniorklassa var det næringssjefen i Lom kommune, Åshild Amundsen, som stakk av med VM-tittelen. Resultatet hennar attpå to hopp var eit sokkeseg på 312,5 millimeter.

Det blir spanande å sjå kor lenge rekordhaldarane får behalde tittelen. Det er uvisst når og kvar neste VM i sokkeseg vil gå føre seg, men i arrangørane sitt konkurransereglement heiter det at «som den fjellkommunen Lom er, vil det vere naturleg at framtidige konkurransar i aktiviteten skal utfalde seg i Lom kommune». SJÅ VIDEO HER!