Øystein Nicolaisen har vore ein aktiv toradarspelar i mange år, og vunne mange prisar for sitt drivande spel. Fredag kveld vart han tildelt Kulturprisen for Lom kommune for 2017.

Kulturprisen

– Øystein har ein spesielt god emne til å formidle og dele av sin kunnskap til ungdomane, og han syrgjer på den måten for at tradisjonsmusikken på ein god og levande måte vert vidareført. Med Øystein sitt brennande engasjement er vi trygge på at ungdomane i Ottadalen som interesserer seg for tradisjonsmusikken og toradarspel får ei innføring og opplæring som ikkje mange andre i landet kan skilte med, sa ordførar Bjarne Eiolf Holø da han delte ut kulturprisen til Øystein Nicoaisen.

I 2014 starta Nicolaisen opp Lom toradergruppe med ungdomar frå heile Ottadalen. Sidan starten har Lom toradergruppe raskt etablert seg som ei av dei fremste i sitt slag i Noreg, noko dei synte da dei vart Noregsmeistrar på Landsfestivalen i Gaupne i fjor og på Oppdal i år.

– Dette var utruleg overraskande. Men det er utruleg artig å bli sett slik pris på, sa prisvinnaren da han tok i mot prisen.

Kulturstipendet

Lom kommune kan også kvart år dele ut eit kulturstipend til unge. Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram ungdom under 25 år med særskilte emne eller interesser innanfor det utvida kulturomgrepet.

Kulturstipendet for Lom kommune 2017 vart delt ut fredag kveld, og gjekk til Julie Garmo.

Julie har vore oppteken av song og teater heile livet. Ho har gått ti år på Lom musikk- og kulturskule og hatt timar i fele, dans, song og keyboard. Ho har vore ein aktiv deltakar på Ungdomens kulturmønstring sidan ho var 11 år, og sist år kom ho heilt til UKM sin landsfestival i Sandnes saman med Martin Steinum Brun frå Vågå. I tillegg har ho vore med på fleire oppsettingar med Sel Teaterlag.

– I dag går Julie på musikklina på Vinstra vidaregåande skule, og satsar på ei karriere innan musikkteater. Ho seier sjølv at det særleg er musikal som står hjarte hennar nærast. Julie er eit godt eksempel på ein ungdom som tør å gje av seg sjølv både gjennom musikk, teater og scenekunst elles, sa Bjarne Eiolf Holø om stipendmottakaren.

Julie Garmo var glad for å ta i mot stipendet.

– Tusen takk! Dette vil kome godt med, for musikk- og teaterutdanning er ikkje akkurat billig, sa Julie Garmo.

Det er formannskapet i Lom som avgjer kven som får både kulturprisen og -stipendet, etter innkomne forslag og eigne vurderingar. Både pris og stipend er på 10.000 kroner.

Kulturprisen og -stipendet vart delt ut i Utgard fredag kveld under den årlege kulturkvelden «Haustkveld under Lomseggen». Det vart ein svært variert kveld med song, musikk, dikt og dans, presentert av mange frå det breie kulturlivet i bygda.