Torsdag efta hadde fire paneldeltakarar kvar sine ti minutt for kring 40 deltakande politiske og administrative kommunetoppar. Korleis ein både kan og skal inkludere, og utnytte, dei mange fritidsinnbyggjarane i Lillehammer og Gudbrandsdalen var eit sentralt tema.

– Inviter hytteeigarane

Praksis i Valdres, der eit etablert hytteforum er i ferd med å ta del i lokale demokratiske prosessar, fortel at det er ein del å gå på i dalen.

– Inviter hytteeigarar til møte, kommunen er vertskap for ei gruppe som må sjåast på som fastbuande, sa Knut Nes i Valdres hytteforum.

Friluftsliv, jakt og fiske

Fritidsinnbyggjarane er langt fleire i andre delar av Gudbrandsdalen enn Ottadalen, men også for Vågå, Lom og Skjåk betyr hytteeigarar og «spikarteltarar» mykje for næringslivet. Mange av desse er her som «klimaflyktningar» frå Vestlandet og/eller for å dyrke friluftsliv, jakt og fiske. Fleire av desse har eit uttrykt ynskje om å delta i jakt og fiske med dei same rettane, og til dei same prisane, som fastbuande.

Fleire hus

Nedgangen i folketalet er ei attendevendande utfordring. Det fekk ein lite annan vri, da Tor Arnesen frå Østlandsforskning kunne legge fram tal som syner at det faktisk aldri har vore så mange hus, og med det folk, i Gudbrandsdalen nokon gong - nok ein gong er det fritidsinnbyggjarane det er tale om. Fleire og fleire av desse er på hytta over lenger tid, og utbygging av infrastruktur gjer dette lettare.

Stolt

Kulturbonden Øystein Rudi slo fast at gudbrandsdølane har vilje og engasjement til å gjennomføre ting, at dalen har unike kvalitetar ein skal vera stolt over.

Mot slutten av samlinga på fredag, skal konklusjonar dragast - og kanskje visjonar bli til konkrete utviklingsmål for dalenes dal og dølabyen.

Samlinga blir arrangert av Byregionprogrammet Lillehammer Gudbrandsdalen.