Kommunestyresalen i Bismo var besøkt av mange som definerte seg som eldre da Skjåk kommune arrangerte eldredagen fredag.

På programmet sto velkomsthelsing frå ordførar Elias Sperstad, ei innleiing av rådmann Svein Holen, informasjon om friviljugsentralen, besøksvenordning, kvardagsrehabilitering og mykje anna.

Sperstad stilte spørsmålet: Kva tid kan ein rekne seg som eldre? Han slo dessutan fast at også dei eldre er ein ressurs for bygda, og at det ikkje minst er dei å takke for velferda ein har i dag.

– Vi har det godt, men samstundes veit vi at vi får ein pressa økonomi framover. Vi må for eksempel belage oss på lågare kraftinntekter i framtida - viss vi ikkje får ei anna regjering, sa Sperstad, før han la til at det likevel er viktig å tenkje positivt.

Rådmann Svein Holen kunne i innleiinga si svare på spørsmålet frå Sperstad om når ein er som eldre å rekne.

– Det har forskarar kome fram til er om lag midt i 70-årom, sa han.

Holen sa også at folk blir gamlare enn før, held seg friskare enn før - og at ein har eit sjølvstendig ansvar for eiget liv når åra blir mange.

– Mange bør tenkje på korleis eigen bustad er allereie i 60-åra. Ein må tenkje gjennom korleis bustaden vil vera å klare seg i som gamal, sa han mellom anna, og kom med ei oppmoding om ikkje å bli sitjande passiv, men vera utadvende og engasjerte.