Svært mange nordmenn opplever nestenulykker på grunn av fotgjengarar som manglar refleks i mørkret.

– Det er skremmande at det skjer så mange nestenulykker på grunn av manglande refleksbruk. Å droppe refleksen kan vera livsfarleg, seier distriktsleiar Ivar Ringen i Trygg Trafikk. Går du utan refleks i mørkret, vil ein bilist i 50 km/t kun ha 2 sekund på å oppdage deg. Med refleks har bilisten 10 sekund på seg. Det seier seg sjølv at det kan redde liv, seier Ringen.

I ei undersøking har Trygg Trafikk spurt nordmenn om dei brukar refleks og kor ofte. 7 av 10 seier dei alltid eller ofte brukar refleks. Det er berre eitt problem: Det er ikkje sant. Fysiske tellingar syner nemleg at kun 4 av 10 faktisk brukar refleks.

–  Det er små marginar mellom ei nesten-ulykke og det som kan bli ei alvorleg ulykke. Refleks er ei billig livsforsikring som kan vera avgjerande. Bruk nokre minutt på Refleksdagen 19. oktober til å putte refleks på jakker og vesker så er du synleg i mørkret, seier Ringen.