Den 26. september vedtok Vågå kommunestyre ei strukturendring innan tenester for funksjonshemma i samband med helse- og omsorgsprosjektet. Formålet med endringa er å gjere bufellesskap for psykisk utviklinghemma i Moavegen om til eit bukollektiv for eldre, og Eksismoen om til bukollektiv for personar med psykiske lidingar.

– Denne veka blir det sendt ut oppseiing til dei som bur i Moavegen, sa konstituert rådmann Jan Egil Fossmo da han tysdag orienterte formannskapet om strukturendringane i bufellesskapa.

Dei tre personane som i dag bur i Moavegen, skal flyttast til Finntunet som blir vurdert til å vere best eigna for personar med utviklingshemming.

Moavegen har fem bueiningar med tre bebuarar. Finntunet har tolv bueiningar med åtte bebuarar.

– Vi ynskjer å samle ressursane våre og skape eit heilskapleg tilbod. Vi tapar store leigeinntekter med leilegheiter som står tomme, sa Fossmo.

Rådmannen sa at kommunen vil bruke juristar i samband med å flytte dei tre bebuarane frå Moavegen til Finntunet.

– Det er fagleg usemje om flytting av bebuarane. Rådmannen meiner det er forsvarleg, sa Fossmo.

Han sa at ein vil sikre kjent personell til dei tre utviklingshemma etter at dei er flytta til Finntunet.

– Vi vil gjere overgangen så god som mogleg. Nokon meiner at dei ikkje kan flyttast. Det er eg veldig usamd i, sa Fossmo.

Norsk forbund for funksjonshemma (NFU) - Vågå lokallag, sendte den 7. september brev til kommunestyret i Vågå.

Verjer, pårørande og lokallaget går sterkt imot flytting av bebuarane i Moavegen bufellesskap.

– Å flytte desse personane er som å rive opp ein familie, skriv styret i NFU Vågå.

Dei er klar over at kommunen har fått nye omsorgsoppgåver, men tykkjer det er urimeleg at dei funksjonshemma skal vere salderingspost.

NFU Vågå viser til ein fagrapport som konkluderer med at ei tvangsflytting vil vere katastrofal for bebuarane.

I samband med helse- og omsorgsprosjektet er det også lagt opp til at dagsenteret skal flyttast frå dagens lokalisering i Sjårdalen til området ved Vågåheimen.