I heile oktober skal den segnomsuste Jutulporten lyse rosa for å vise solidaritet med brystkreftramma.

Det er Brystkreftforeininga og Kreftforeininga  som står bak Rosa sløyfe-aksjonen. I år rettar aksjonen for fyrste gong merksemda på seinskader etter brystkreftbehandling. Målet er å auke kunnskapen om seinskadar, slik at det skal bli lettare å forstå og akseptere at kreftfri ikkje alltid betyr det same som frisk.

– Minst ein av tre brystkreftpasientar får seinskadar. Seinskadar er ofte smertefulle og hemmande, og mange får problem med å innfri både eigne og andre sine forventningar, anten dei er frå familie, vener og ikkje minst, arbeidsgjevarar, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeininga i ei pressemelding. I Ottadalen blir aksjonen markert på fleire vis, der dei lokalt engasjerte sel sløyfer og anna på ulike plassar.

Brystkreftforeininga i Ottadalen hadde stand under Hausttakk i Skjåk nyleg, og sist fredag var det stand på Mega i Vågåmo.

– Seinsskader etter kreftbehandling kan koma med ein gong, eller 20 år etterpå, seier Kari Jøndal Bjertnæs, leiar i Brystkreftforeininga i Ottadalen.

Lokallaget er ei av tre brystkreftforeiningar i Oppland.

Tysdag 17. oktober er det informasjonsstand ved Coop Extra i Lom. Her vil ein finne medlemar av Brystkreftforeininga som vil dele erfaringer og kunnskap om brystkreft.

Fakta om Rosa sløyfe

Rosa sløyfe er ein internasjonal folkebevegelse som blir markert over heile verda i oktober kvart år. Målet med aksjonen er å vise solidaritet med dei som blir råka, auke kunnskapen om brystkreft og gi støtte til brystkreftforsking og andre brystkreftprosjekt.I løpet av oktober blir Noreg farga rosa ved hjelp av bedrifter, foreiningar og privatpersonar som alle bidreg i kampen mot brystkreft. Brystkreftforeininga og Kreftforeininga arrangerer Rosa sløyfe-aksjonen i Noreg og har gjort det sidan 1999.