Politipatruljen i Ottadalen og UP-patruljen gjennomførte sundag ettermiddag ein laserkontroll på riksveg 15 aust for Vågåmo, ved Rikssenteret.

Ein bilførar var ekstra hard på gassen og vart vinka inn med 116 kilometer i timen i 80-sona.

Dette var akkurat nok til at føraren måtte gje frå seg førarkortet. I tillegg kjem ein sum som må betalast inn til statskassa.