Ungdommane Solveig Snerle (17), Jørgen Øihusom (16), Sander Dalen (17) og Jarle Kleiven (17) brukte haustferien sin for å hjelpe til i bygginga av den nye rulleskiløypa på Lalm.

– Det er viktig å bidra når noko skjer i grenda, seier Solveig Snerle.

Korkje ho eller dei tre gutane er ivrige skiløparar, at dette er grunnen til at dei stiller opp for å arbeide gratis i haustferien. Nei, det er engasjement for heimplassen, at noko positivt skjer. Da dei vart spurt av idrettslaget om å hjelpe til med å køyre unna masse i haustferien, var det ikkje nei i munnen deira.

– Det er triveleg å bli spurt om å vere med og hjelpe til, seier Solveig.

Både ho og Jarle er frå gard og stilte med eigen traktor. Jørgen og Sander har eiga traktor, men lånte seg større og kraftigare traktor for å køyre masse. Det var tunge lass.

– Det er godt å ha noko å drive med, seier Sander.

– Vi likar å køyre traktor alle fire, seier Jarle.

Ingen av dei fire tenkte tanken på at dei heller ville liggje lenge om morgonen i ferieveka.

Det er Skogen Entreprenør som har arbeidet med utviding av eksisterande ljosløype til rulleskiløype. Dei fire ungdommane følgde arbeidsdagen til gravemaskinførar Leif Myrhaug. Han var glad for å få hjelp av dei fire.

Stort sett har dei vore to og to som har køyrt unna masse og tippa. Det vart mange timar i traktoren, der dei køyrde runde på runde med traktor og hengar.

– Eg høyrer på musikk når eg køyrer, sa Solveig.

Kjedeleg har dei ikkje hatt denne haustferieveka.

– Og det har vore lærerikt. Ei fin oppgåve å køyre unna masse med traktor, seier Jørgen.

Tore Kleiven som er dugnadsansvarleg for arbeidet med rulleskiløypa, er imponert over kor ivrige dei fire ungdommane var til å stille opp.

– Dei er ein ressurs. Det er støtt prat om at ungdommen ikkje orkar å gjere noko, men når ein inviterer dei inn, har dei mykje å by på av engasjement og pågangsmot, seier Tore Kleiven.

Han set pris på at dei fire stilte opp, særleg på dagtid midt i veka når det er vanskeleg for folk som er borte på arbeid å stille på dugnad.

– Med innsatsen vil dei få eit eigarforhold til anlegget, seier han.