Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Estin Solheim Lyngved i Garmo som fylte 4 år den 9. oktober.  Han kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Estin vart gratulert i avisa av Emil, mamma, pappa, og frå «alle oss i Lin».

Gratulerer med dagen, Estin!