Brimibue på Bergom i Lom var «åstaden» for noko som må vera eit av haustens sprekaste eventyr i Ottadalen.

Frode Alnæs, kanskje for mange kjent som melodimakar og gitarist i gruppa Dance With a Stranger, underheldt ei full Brimibu fredag kveld.

Perler på ei snor, musikalske som munnlege, fall i smak som sjalottlauk i ein Brimi-meny. Alnæs var i toppform og kommuniserte friskt og freidig - på alle vis - med dei frammøtte.

Frode Alnæs er ein topp gitarist, og han antyda at eit besøk i Lom står på programmet neste år. Det er berre å stille seg i billettkø.

Vi bøyer oss i all verdas gitarriff og ynskjer velkomen attende.