I regjeringa sitt forslag til statsbudsjettet, vil dei redusere løyvinga til studieforbunda med 22,5 millionar kroner samanlikna med nivået i 2017.

I ei pressemelding frå Studieforbundet kultur og tradisjon som har hovudsete i Vågå, kallar dagleg leiar Kjærsti Gangsø dette for eit kraftig spark mot kurstilboda til lag og foreiningar over heile landet. Konsekvensen blir mindre opplæring og færre arenaer å inkludere nye borgarar på i lokalmiljøa.

Noreg er av dei landa i verda med høgast frivillig deltaking, der 60 prosent av befolkninga jobbar frivillig i løpet av eit år.

I 2016 gjennomførte studieforbunda 1,4 millionar kurstimar med til saman 505. 000 deltakarar. Dette er kurs som i stor grad blir gjennomført i frivillige og ideelle organisasjonar. Dette er eit spleiselag mellom staten, private gjevarar, deltakaravgifter og dei frivillige som jobbar dugnad.

For Studieforbundet kultur og tradisjon åleine, betyr forslaget eit kutt på 1,9 millionar kroner i høve til årets opplæringstilskot på 17,3 millionar.

I 2016 gjennomførte Studieforbundet 5.169 kurs, med 40.000 deltakararar, og utbetalte til disse kursa i snitt 3.350 kroner i opplæringsstøtte.

– Dersom forslaget til kutt blir ståande, betyr dette at opptil 570 kurs neste år ikkje får opplæringsstøtte frå oss. Vi opplever kuttforslaget som nedslåande og dramatisk. Det gjer det vanskeleg for oss å prioritere når det statlege tilskotet er for lågt til å gjennomføre kurs, seier Kjærsti Gangsø.

Ho skriv at statsbudsjettet reduserer dei frie inntektene til organisasjonane og gjer organisasjonane meir avhengige av prosjektstøtte og gåver. Dette meiner Gangsø vil føre til meir tid brukt på søknader og rapportering og mindre tid brukt på å skape gode opplæringsarenaer.

– Vi vil nå mobilisere opp mot politikarar gjennom våre medlemsorganisasjonar, fylkesledd og lokallag. Nå skal vi vise Noreg alt det gode og viktige arbeidet vi gjer, seier Kjærsti Gangsø.