- Vågå kjem i ein forferdeleg situasjon. Vi får null vekst. Vi er den kommunen i både Hedmark og Oppland som kjem dårlegast ut, seier ordførar Iselin Jonassen.

Jonassen seier at forslaget til statsbudsjettet vil setje kommunen i ein krevjande situasjon.

Ordføraren fortel at overføringar av skjønnsmidlar er redusert, likeins basistilskotet til kommunen.

Som følgje av at Vågå kommune ikkje slo seg saman med Sel når det galdt kommunereforma, har Vågå hamna i kategorien «friviljuge små kommunar».

– Vi har også ei demografisk utfordring med nedgang i folketal, seier Jonassen.

Iselin Jonassen fryktar at kommunen  må spare minst 10 millionar kroner på budsjettet for 2018.

– Det vil bli krevjande og tøft. Her må det til store grep, det nyttar ikkje med ostehøvelprinsippet, seier Jonassen.

På landsbasis er det frå 2017 til 2018 ei nominell vekst i kommunane sine frie inntekter på 2,6 prosent, rekna frå anslag på rekneskap for 2017. Ein antek at kommunane i Oppland samla sett vil få ei nominell vekst i dei frie inntektene på 2,1 prosent.

I Oppland har fire av 26 kommunar vekst som er høgare enn elles på landsbasis. Størst vekst har Vang med 4,9 prosent, medan Vågå har lågast vekst med 0 prosent.

Lom har ein vekst på 2,3 prosent og Skjåk 2,1 prosent.

– Eit distriktsfiendtleg budsjett, seier Iselin Jonassen.

Ho har kontakta ordførarkollegane i regionen for å gå saman og påverke stortingspolitikarane på Opplandsbenken for å få ei betre utteljing når statsbudsjettet skal behandlast i Stortinget  seinare i haust.