Brann på Otta

Brannen er under kontroll

Brannen i verkstadbygget på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på Otta er under kontroll.

Dramatisk Opne flammer slo ut av verkstadbygget på den vidaregåande skulen. Foto: Privat

Nyheiter

Det melder politiet klokka 16.30.

Det var klokka 15.43 onsdag ettermiddag at politiet fekk melding om brann i verkstaden på skulen.

Alle personar var på det tidspunktet ute av bygget.

Politiet melder at opne flammer nå er sløkt, og at det ikkje er fare for spreiing til andre bygg.