Skjåk kommune skal selja Nordberg skule. Den nye storskulen i Bismo skal stå ferdig og takast i bruk hausten 2018, og det er såleis ikkje bruk for Nordberg skule etter den tid.

Nordberg skule vart lagt ut på finn.no i går, måndag. I annonsen kjem det fram at skulen blir selt til høgste bod over 50.000 kroner. Bodfristen er sett til 30. november.

Med «på kjøpet» får ein Lom og Skjåk skyttarlag og Skjåk pistolklubb, som brukar skytehallen i underetasjen av bygget. I annonsen skriv Skjåk kommune at ny eigar må inngå nye leigeavtaler med leigetakarane.

– Dersom einkvan får tilslag på skulen for 50.000 kroner, vil eg kalle det eit røvarkjøp, seier rådmann Svein Holen til Fjuken.

Han håpar det skal melde seg mange interessentar - og at det blir lagt fram spennande idear og prosjekt i høve kva Nordberg skule kan brukast til.