To gonger Bladet Motor opplyser at dei har besøkt Bakeriet i Lom to gonger i år, i april og i juli. 

            (Foto: Arkiv/Vigdis Kroken)

To gonger Bladet Motor opplyser at dei har besøkt Bakeriet i Lom to gonger i år, i april og i juli. Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

– Bakeriet er ei gåve

Motor – medlemsbladet i NAF - har testa over 100 spisestader frå Mandal til Nordkapp. Bakeriet i Lom og Skeid kro i Skjåk skårar høgt og får svært positiv omtale.

Om bakeriet i Lom skriv medlemsbladet at staden «renn over av folk».

– Staden er for bra, rett og slett. Bakeriet i Lom er ei gåve du berre ikkje skal køyre forbi.

Skeid kro i Bismo i Skjåk kan òg vera stolte over omtalen.

– Velsmakande og sjarmerande. Lokala er ljose og trivelege, og det er godt med plass. Skeid kro har vore blant finalistane i vår Vegmat-kåring både i 2015 og 2016, og dei held fram med å levere solid, konstaterer Motor.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: