Om bakeriet i Lom skriv medlemsbladet at staden «renn over av folk».

– Staden er for bra, rett og slett. Bakeriet i Lom er ei gåve du berre ikkje skal køyre forbi.

Skeid kro i Bismo i Skjåk kan òg vera stolte over omtalen.

– Velsmakande og sjarmerande. Lokala er ljose og trivelege, og det er godt med plass. Skeid kro har vore blant finalistane i vår Vegmat-kåring både i 2015 og 2016, og dei held fram med å levere solid, konstaterer Motor.