Sjuk Denne bamsen er ikkje heilt i form, og gler seg nok til at feltsjukehuset blir etablert på Tor Jonssons plass den 22. oktober.

            (Foto: Vigdis Kroken)

Sjuk Denne bamsen er ikkje heilt i form, og gler seg nok til at feltsjukehuset blir etablert på Tor Jonssons plass den 22. oktober. Foto: Vigdis Kroken

Bamsesjukehus for Unicef

Legane i Lom vil etablere feltsjukehus rett utanfor Midtgard den 22. oktober.

– Har du ein bamse som skrantar, eller er full av sår og skavankar? Er dokka di småsjuk og heng med hovudet? Legane i Lom fiksar det meste! Ta med pasienten din, så blir han frisk som ein fisk på eit lite blunk! inviterer legane.

Ein konsultasjon vil koste 30 kroner, minst – men ettersom alle inntektene skal gå til TV-aksjonen same dag, er det fullt mogleg å betale meir. I år går inntektene til Unicef.

– I venteromskafeen blir det høve til å kjøpe kaffe, te, saft og «någå attåt», til inntekt for TV-aksjonen, sjølvsagt, melder legane.

Bamse- og dokkesjukehuset blir arrangert i regi av Lomsfesten, som skal gå føre seg same helg.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: