Både Misha, som snart er 10 år – og bestefar Asbjørn Brandsar stiller seg dette spørsmålet. Dei håpar lesarane i Fjuken kan hjelpe.

Misha fann spikaren i går, torsdag. Funnet vart gjort på jordet, berre få centimeter under jorda. Bestefar Asbjørn fortel at det før stod ei to-tre hundre år gamal årestugu akkurat der.

– Eller kanskje var stugu enda eldre, det veit vi ikkje heilt sikkert, seier han.

For Misha var funnet ei spennande oppleving.

– Metallsøkaren peip berre litt i starten, men så peip han sterkare og sterkare, og så kom denne kjempestore spikaren fram! Eg fann ei hestesko òg, fortel Misha ivrig. Han slår fast at han stortrivst på haustferie hjå besteforeldra i Skjåk.

– Vanlegvis bur eg i Røyken. Eg driv med metallsøking der òg, seier han.