Bok Hans Morten Synstnes frå Lom har gjeve ut boka «Den innerste sirkel». I kveld kan du høyre han fortelje om arbeidet.
            (Foto: Privat)

Bok Hans Morten Synstnes frå Lom har gjeve ut boka «Den innerste sirkel». I kveld kan du høyre han fortelje om arbeidet.Foto: Privat

Lomvær med spennande bok

I kveld, torsdag, skal Hans Morten Synstnes prate om arbeidet med boka «Den innerste sirkel».

«Den innerste sirkel» er historia om den militære sikkerheitstenesta frå krigen og fram til 2002. Tenesta, som før 2003 heitte Forsvarets overkommando/Sikkerheitsstaben, hadde som hovudoppgåve å passe på rikets sikkerheit og statlege hemmelegheiter. Ulike sikkerheitstiltak skulle hindre andre lands spionar og eigne utro tenarar i å lukkast.

Boka fortel om korleis tenesta vart politisk styrt og kontrollert. Somme gonger braut det statlege hemmeleghaldet med det ideelle formålet: Rikets sikkerheit. Hemmeleghaldet var somme gonger politisk motivert, som det lenge skjulte arbeidet med å sikkerheitsklarere borgarar. Den mest pikante av alle klareringsakene gjaldt Arne Treholt.

«Den innerste sirkel» er basert på hittil hemmelegstempla kjeldemateriale og kastar nytt ljos på ein rekkje profilerte saker i norsk etterkrigshistorie.

Det er Lom folkebibliotek og Utgard fleirbrukshus som i fellesskap arrangerer bokpraten.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: