Det er Lom vilt- og innlandsfiskenemnd som har gjort vedtaket – og det vart bestemt i slutten av september. Vedtaket var samrøystes.

Det er ikkje sjukdomen, altså elgvortene, som er hovudgrunnen til avlivingsvedtaket.

- Bakgrunnen for vedtaket er at elgkua trass i forsøk over fleire år ikkje let seg jage bort frå bustadfeltet, og derfor representerer ein fare for personskade. Avliving av elgkua blir òg grunngjeve i dyrevernomsyn, da kua i fleire år har hatt sjukdomen Fibropapillomatose og at sjukdomen har hatt ein negativ utvikling, heiter det i vedtaket frå vilt- og innlandsfiskenemnda.

Av dyrevernomsyn må òg dei to kalvane avlivast. Det vil seia: Den eine kalven er allereie skoten.

Elgjakta er i gang, og vilt- og innlandsfiskenemnda ber jaktlaget i området om å gjennomføre felling av den attverande kalven og kua.

- Før felling må ein forsikre seg om at det er rett individ som blir avliva. Dette løyvet gjeld berre kua og kalven som er til sjenanse og plage i Ulstad bustadområde. Jaktlaget må vera merksam på at det òg er observert ei anna ku med elgvorter i området. Vidare er det svært viktig at fellinga skjer på ein forsvarleg måte med tanke på tryggleik, ettersom kua vanlegvis oppheld seg i byggjefeltet, heiter det i vedtaket frå Lom vilt- og innlandsfiskenemnd.