AV METTE VÅRDAL

Det har ikkje Vågå. Ikkje utan at det blir mindre til sjukeheim, skule og andre viktige oppgåver. Og sjølv om det hadde vore fint med glasportal, heilårsdrift og kompetansesenter av nasjonalt format i den gamle prestegarden, så er ikkje dette ei investering som vil auke kommunen sine inntekter eller innbyggjartal så mykje at det kan forsvare pengebruken.

Men det er framleis ein god masterplan, det hadde vore fint med galleri og vi kan så visst få til mykje i Ullinsvin og Vågå. Til og med eit galleri.

Historielaget har finansiering og planer for eit magasin. For ei langt lågare sum er det mogleg å bygge galleri, diskret plassert blant dei gamle husa oppå magasinet. Det vil gje god plass til utstilling av fotografi og bilete.

Museet er allereie lokalisert i Ullinsvin, og kan utanom sesong sikkert ta på seg å opne for turbussar og andre som vil sjå. Så kan ein vurdere å utvide tilbodet ettersom publikumstilstrømminga aukar.

Husflidslaget og andre lag med aktivitet bør sikrast permanent husrom i nokre av bygga, mot at dei held aktiviteten sin som kurs, julemarkand og andre ting dei driv med i prestegarden. Det er ei styrke for laga som treng husvære og bidreg til å skape liv og bygge ein samlingsplass i prestegarden.

Hagelaget gjer ein fantastisk og prislønt jobb. Ei formalisering av drifta av dette og andre frivillige lag med styre og tilknyting til ei nasjonal organisasjon er med på å sikre drift og opnar nye moglegheiter for kunnskap, nettverk og tilgang på stønadsordningar.

Avtalen med Tor Andvord om kafé, konsertar og guiding bør formaliserast og få ei langsiktig løysing. Da vil det bli mogleg for drivar å legge planar fram i tid og førebu og marknadsføre tilbodet.

Vi må halde fram med å bygge eit tett sentrum der aksa Ullinsvin-kyrkja blir ei attraktiv veg å gå og som bind saman sentrum og prestegarden.

Dette, og meir til, er alle ulike tiltak som kan bli realisert relativt raskt, og som ikkje øydelegg for framtidig utviding av verksemda i Ullinsvin om det blir aktuelt. Det hadde vore fint å få utvikla prestegarden, og vi kan få det til. Da må vistarte med å løfte fram alt det vi allereie har og byggje vidare på det.