Spørsmålet og oppmodinga kjem frå Odd Bore i Lom. Han fortel at bebuarane i Øvre Ulstadveg rett som det er får besøk av akkurat denne elgen.

– Han får berre fleire og fleire stygge byllar. Kjem desse byllane av flått, kreft eller andre ting? Det er på tide at elgen snart blir avliva og slepp å lide meir, tykkjer Bore, som håpar einkvan grip fatt i saka så fort det let seg gjera.

Seniorinspektør og veterinær Knut Romsås Breden i Mattilsynet fortel til Fjuken at det, utfrå bildet, ser ut som elgen har sjukdomen fibropapillomatose.

– Fibropapillomatose, eller elgvorter, er ein relativt vanleg sjukdom hjå elg, særleg hjå unge dyr. Elgvorteviruset smittar ikkje til menneske eller andre dyr. Smitta dyr utviklar vorteliknande knutar i huda. Det er ei liding som er godarta, men i alvorlege tilfelle kan dyra bli sjuke og avkrefta. Det siste skjer ikkje ofte, fortel Romsås Breden.