Fjellsenteret treng hjelp.

– Vi inviterer folk over heile landet til å delta med bilde. Heile 1500 bilde skal veljast ut som ein del av utstillinga, fortel Anne Silje Berg i Norsk fjellsenter.

At utstillinga skal heite Bergtatt er logisk, meiner fjellsenteret. Det er det alle som er glade i fjellet blir: Bergtatt – og så fangar dei augneblinken med kamera. I utstillinga treng fjellsenteret 1500 bilde frå dei norske fjella.

– Det kan vera bilde frå nåtid, frå riktig gamle dagar eller kanskje frå 50-60-70-talet. Folk står fritt. Det vi veit, er at folk tek enormt mange vakre bilde frå fjell og natur. Det ynskjer vi å syne fram i utstillinga, seier Berg.

Ein jury beståande av representantar frå Den norske turistforeining og dei to fotoklubbane i Lom og Vågå, skal plukke ut bilda som får vera med. Bilda skal monterast på ein stor glasvegg ved inngangen til utstillinga.

Dagleg leiar Mai Bakken slår fast at det heile avheng av at folk stiller opp. Av anna innhald i den nye utstillinga kan det nemnast klima, fjellet si historie og brearkeologi.

– Og eg vil gjerne nemne at mammuten skal vera med vidare. Det er mange som spør etter mammuten, dei trur han er borte, faktisk. Det er han ikkje. Mammuten blir med, forsikrar Bakken.