– Her har det dessverre skjedd ein glipp. Det har vorte gløymt å varsle entreprenørane om at skilta skal ned att, seier rådgjevar i Statens vegvesen, Roar Holten om sommarfartsgrensa på riksveg 15 ved Randen i Vågå.

I år som i fjor sa både politiet og Vågå kommune seg samde i forslaget om å redusere fartsgrensa frå 80 km/t til 60 km/t forbi krysset ved Randen i sommarmånadane.

Sommarfartsgrensa vart innført 1. juni, og skulle i fylgje skiltvedtektene vera gjeldande til og med fredag 1. september.

Snart er septembermånaden over, og mange har stussa på kvifor det framleis er skilta 60-sone på den aktuelle strekninga. Fjuken tok kontakt med Statens vegvesen tysdag morgon for å høyre.

Statens vegvesen bad om å få litt tid på seg til å undersøke saka nærare, og tysdag ettermiddag kunne rådgjevaren altså fortelje at det heile dreia seg om ei forgløyming.

– Det er rett at fartsgrensa skulle vore heva til 80 km/t att frå 2. september. Det er nå gjeve beskjed til driftsentreprenørane, og etter det eg har fått opplyst er skilta allereie snudd og på tur til å bli teke ned, seier Roar Holten.

Han beklagar forgløyminga frå Statens vegvesen si side.