Etter to suksessfulle sesongar av «Mer enn gull», er det nå klart for innspelinga av ein tredje sesong. TV 2 melder i ei pressemelding at opptaka vil finne stad i Vågå og området rundt i perioden 4.-9. oktober.

I den populære serien «Mer enn gull» samlast seks kjente norske idrettsutøvarar for å prate om kva som ligg bak medaljane. Episodane er krydra med uhøgtidelege konkurransar.

Onsdag 4. oktober blir det arrangert ein stafett på rulleski i sentrum av Vågåmo. Her skal dei profilerte idrettsheltane møte unge talent frå Austlandet til konkurranse. Opptaka startar ved høgst dag, og TV 2 håpar på stor publikumsoppslutnad, og ein aldri så liten «folkefest» med heiande publikum langs løypa. Under sjølve stafetten vil nokre av gatene i sentrum bli stengt.

TV 2 ynskjer ikkje å gå ut med kva for seks idrettsstjerner som skal vera med i den tredje sesongen av «Mer enn gull», men i pressemeldinga kjem det fram at blant dei seks utøvarane, er ein av landets mest folkekjære skiløparar.

«Mer enn gull 3» - med mange flotte bilde frå Vågå og området rundt - har premiere på TV 2 vinteren 2018.