Det var opprinneleg elleve søkjarar, men to av kandidatane har trekt seg undervegs.

Følgjande ni er att som søkjarar på everksjefstillinga: Bjørn Bøye (Skjåk), Håkon Holen (Ørsta), Bob van Dam (Skjåk), Odd Arne Gaarder (Tjøme), Øystein Hellerud (Sandane), Eli Johanne Lundemo (Skjåk), Kjell Dag Nilsen (Hareid), Kjell Stålevik (Vågå) og ein svensk søkar.

– Vi er nøgde med at vi har fleire sterke kandidatar blant søkjarane. Vi er midt inne i prosessen med intervju og referansesjekk, og det meste vil truleg vera avgjort i løpet av neste veke, opplyser Tordis Brandsar, økonomisjef og fungerande everksjef.

Skjåk Energi KF er eit kommunalt føretak eigd av Skjåk kommune. Skjåk Energi, tidlegare Skjåk kraftverk, vart etablert i 1919. Energiverket står for distribusjon og omsetnad av elektrisk energi i heile kommunen.