Råmund Mundhjeld lyt ha hjelp av vêrgudane for å få alt klart til vinteren. Eit reinseanlegg må under tak, og det er mykje anna å førebu på ei turisthytte vel 1.400 meter over havet.

Rett ved fylkesveg 55, Sognefjellsvegen, ligg hytta i eit område som kan by på det meste av natur. Til langt uti juli er det flotte langrennsløyper, seinare er det fjellvandrarane som tek over. Det er likevel gruppa som på seinvinteren og våren, toppskifolket, Mundhjeld og dei andre turistvertane nedover dalen håpar på vegopning for. Saman vil dei få utarbeidd ein rapport som syner at tidlegopning er mogleg. Det er den fyrste enden av driftsåret dei kan tenkje seg å skøyte på for turiststadene sine.

– Så høgt som her må vi rekne med at snøen kan leggje seg når som helst. Vi vil helst få utvida sesongen i den andre enden, for rando-folket, seier Mundhjeld som håpar og trur på positive vedtak i fylkeskommunen for ei vegopning til 1. april.