Endeleg er det skikkeleg lyd att. I fleire tiår har lydanlegget i Sjårdalen samfunnshus i Vågå vore «daudt», og når det har gått føre seg arrangement på huset har grendelaget og arrangørar måtte ty til provisoriske løysingar som cd-spelar og småe høgtalarar.

Laurdag kveld var om lag 120 gjestar og 50 friviljuge og artistar samla i Sjårdalen samfunnshus for å markere at grendelaget endeleg har kunne prioritere å kjøpe eit flunkande nytt lydanlegg.

Det nye lydanlegget i samfunnshuset som vart avduka og innvia laurdag kveld, har kosta om lag 50.000 kroner. Fleire har bidrege økonomisk for å få realisert lyddraumen i Sjårdalen, og inngangspengane under Sjårdalskvelden laurdag, var også med på å dekkje ein del av kostnadane.

Underhaldninga laurdag kveld vart gjort på dugnad og dei tjuetals lokale artistane stilte opp gratis. Blant dei som underheldt var Anna Odnes, Sjårdalen Amatørteaterlag, Speledåsen, Anna og Åshild Aasgaard, og Skultbakkalaget. Konferansier for kvelden var Øystein Bakke.

Det vart ein lang og innhaldsrik kveld for sjårdølane og andre som tok del i Sjårdalskvelden laurdag. Etter fleire timar med underhaldning frå scena, var det middag og quiz.

Kvelden vart arrangert av fleire lag og foreiningar i Sjårdalen.