YX Skjåk er så langt den einaste verksemda i Ottadalen som er med i den nye mobilapplikasjonen «PølseAppen», som kan lastast ned både på Google Play og i AppStore.

Totalt blir det kvart år kasta nesten 6 millionar pølser på utsalsstader som bensinstasjonar og kioskar. I tillegg til pølser blir det kasta mykje anna mat som eigentleg kunne vore seld. Utsalsstadene tapar pengar på å kaste maten og miljøet blir skadelidande.

På bakgrunn av dette har gründerane Kurt Falch Stokke og Ragnar Hatlø utvikla «PølseAppen», i håp om å redusere matsvinn.

Utsalsstadene som er med i appen vil kunne ringe av eit område og sjå «sine» kundar.

Dermed kan stasjonssjef Nina Kveum på YX Skjåk til dømes sende ut varslingar til potensielle kundar i nærleiken, om at nå er det halv pris på alle pølsene på stasjonen.– Eg vil ikkje påstå at vi har uvanleg stort matsvinn her på YX, men eg tykkjer det er viktig å vera med i kampen om å redusere svinnet, og difor er «PølseAppen» heilt genial, seier Nina Kveum.