– Vi må ikkje sprute vatn på sola slik at ho sloknar, sa Aylo Dagsgard Starrem frå Skjåk bestemt til brannmann Sigurd Mølmen, da han fekk prøve vasslangen.

3-åringen, som fyller 4 år i desember, tykte det var stor stas å få sprute vatn på trea i skogen ved brannstasjonen.

I tillegg til å få prøve den store vasslangen som brannvesenet brukar når dei er ute på oppdrag, fekk Aylo mellom anna vera med ein tur i brannbilen, der han også fekk høyre korleis sirena fungerer.

Laurdag var det opne brannstasjonar over heile landet, og i alle tre ottadalskommunane var det stor trafikk gjennom dagen, med mellom anna servering, førebyggjande informasjon, og høve til å sjå og prøve utstyret til brannvesenet. I Skjåk og i Vågå gjekk arrangementet føre seg på brannstasjonane, medan brannvesenet i Lom hadde lagt arrangementet til Loar-området utanfor biblioteket.

Opne brannstasjonar er ein del av den årlege «Brannvernveka». I år er det branntryggleik i heimen som er hovudtema denne veka. I fylgje ei ny undersøking viser det seg at tre av fire familiar aldri har hatt brannøving heime.