Det var på Lalm ved 20-tida fredag kveld at ein mann i 40-åra vart påkøyrd i eit trafikkuhell.

Frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får vi opplyst at ein kvinneleg bilist hadde køyrd inn i ein annan bil som så har treft mannen.

– Mannen sa sjølv at han var uskadd, men vart køyrd til legevakta for sjekk, seier operasjonsleiar Marianne Brun til Fjuken fredag kveld.

Operasjonsleiaren fortel vidare at den kvinnelege sjåføren er i slutten av tenåra. Ho vart fråteke førarkortet etter hendinga.

Både mannen som vart påkøyrd og den unge kvinna som køyrde bilen er i fylgje politiet heimehøyrande i distriktet.