33 år gamle Åsne Heldal Hagen frå Skjåk ler godt. Det var slik det starta.

I dag, etter ein lang prosess med tenkjing, planlegging og diskusjonar med eigarane Unni Merete og Erik Lund, er avtala i boks. Åsne har kjøpt inventaret og konseptet – og ho skal leige bygget. Førebels har ho skrive ei femårskontrakt med huseigarane.

– Eg ser føre meg å drive, stort sett, etter det same konseptet som i dag. Nokre modifikasjonar og endringar vil det bli, naturleg nok. Blant anna vil kafèdrifta og maten bli basert mykje på vilt. Kva med til dømes ein reinsdyrburger? Eller hjort? Mat basert på vilt vil eg tru kan fenge turistar i stor grad, forhåpentlegvis bygdafolket òg, seier Åsne.

Åsne Heldal Hagen er utdanna hovslagar. Det er eit fysisk tøft yrke.

– Eg trur ikkje eg skal basere meg på å «halde ut» som hovslagar heile livet, men samstundes ynskjer eg ikkje å sleppe det heilt frå meg. Vinterstid, når turistane er borte og det er rolege tider, kjem eg heilt sikkert til å ta på meg eitt og anna oppdraget som hovslagar, seier Åsne.

– Å hoppe frå hovslagar til å drifte ein kafè og isbar er eit ganske stort sprang?

– Det er sant, men eg vil helst vera min eigen sjef, eg likar at det skjer noko, at det er tempo og travelt. Eg er glad i folk, er glad i mat- og matlaging og eg likar utfordringar. Sambuaren min, Kolbjørn Soglo, går inn som medeigar. Eg trur vi skal få det til på ein god måte. Eg håpar iallfall det, seier Åsne.

Erik Lund er ikkje i tvil om at skjåkjenta skal få det til. Han fortel at dei fekk fleire interessentar på tråden da dei offentleggjorde at konseptet Kuba var til sals. At dei valde Åsne var eit gjennomtenkt val.

– Og eg veit det er eit rett val. Åsne skilde seg ut. Ho hadde planar, ho hadde tenkt gjennom saka og ville noko. Det siste var viktig for oss. Å vidareutvikle Kuba, vera kreativ, finne nye løysingar og kanskje treffe nye målgrupper, fekk vi aldri tid til. Vi hadde ikkje overskot til det heller, med jobbar ved sida av. Eg har skikkeleg tru på Åsne og pågangsmotet hennar, rosar Erik Lund, som smiler godt når han slår fast at han og Unni Merete kanskje skal ta ein ferietur i sommar, for fyrste gong på fleire tiår.

Det er ikkje sikkert Kuba heiter Kuba neste sommar. Åsne vurderer å byte namn, da blir det liksom eit «nytt» konsept, sjølv om mykje sjølvsagt vil bli det same.

– Dersom folk har eit godt namneforslag, vil eg setja stor pris på det! Sjølv har eg tenkt på «Smiu». Det er eit lokalt og godt namn, og det seier noko om meg også, som er smed og hovslagar. Eg har òg tenkt på eit anna namn, men det er berre så vidt eg tør å seia det. Det er litt humoristisk meint, altså. Vi har «Bakeriet i Lom» og vi har «Smak i Lom». Kanskje eg skal kalle Kuba for «Skjåk i Lom»? Går det an? Eg tykkjer det er artig, eg.

Åsne ler og slår godt fast at ho ynskjer attendemeldingar på det òg – pluss mange andre namneforslag.

– Og eg treng ein medhjelpar, ei høgre hand. Dersom einkvan kan vera interessert: Ta kontakt! Da må ein vera budd på å arbeide lange dagar om sommaren og få høve til å ta det ganske med ro om vinteren. Når det er sagt, kjem eg til å utvide opningstida. Planen er å opne 1. mai og halde drifta i gang kvar dag ein stubb ut i september. Om vinteren vil det nok ikkje vera dagsope, men spesielle arrangement kan eg gjerne ta på meg, alt frå gebursdagsfeiringar til råkåfisklag eller andre ting, seier Åsne.