Det er Edith Skogen og Tone Brun som spør om dette.

Helga 18. og 19. november skal dei i samarbeid med Vågå historielag arrangere salsmesse i Jutulheimen. Historielaget skal ha opne utstillingar i bygdamuseet denne helga.

Edith og Tone står som arrangør av salsmessa og utstilling av gyngehestar.

Edith og Tone er glade i gyngehestane sine. Nå håpar dei at andre eigarar av gyngehestar vil låne bort sine til ei utstilling denne helga.

– Gyngehestane skal sjåast på, ikkje gyngast på. Ingen skal vere redd for å låne bort gyngehesten sin, seier Tone.

– Vi vil gjerne vite historia bak gyngehesten. Alder og det er ei artig historie om den, seier Edith.

Dei ber folk om å ta kontakt om dei har gyngehestar til utstillinga.