Onsdag var dei innom 7. klasse ved Loar skule i Lom med 15 frisbees, ei gåve som vart teke imot med stor entusiasme.

– Lom ungdomsskule, Lalm barneskule, Vågåmo skule, Vågå ungdomsskule og Marlo skule har òg fått frisbees dei siste dagane. Det same skal den nye skulen i Bismo få, men vi ventar til bygginga er ferdig og alt er klart, seier Are Flaten og Bjørn Ola Aukrust i Flåklypa Sendeplatelag.

Dei fortel at dei har finansiert innkjøpet ved hjelp av medlemsavgift og grasrotandel.

– Alt vi får inn av pengar går attende til lokalsamfunnet. Vi vil at ungar og ungdom skal gle seg over sporten vi driv med, at dei skal koma seg ut og bort frå dataskjermane. Dette er ein sosial sport. I tillegg til at vi ser på dette i eit folkehelseperspektiv, legg vi sjølvsagt ikkje skjul på at frisbees til skulane kan resultere i rekruttering av nye medlemar i Flåklypa Sendeplatelag, ler Are og Bjørn Ola.