av Svein Halvor Moe

Tove Dybvad held framleis koken sjølv om ho ikkje har vore like aktiv på løpsfronten etter at ho fullførte sitt 100. heilmaratonløp i Frankrike.

– Eg mista litt av motivasjonen og «piffen» da eg nådde 100. Men eg tykjer framleis det er artig med løping og ikkje minst vera ein del av miljøet. Det har vorte tre maratonløp på meg så langt i år. Sesongen vart innleia med Oslo Ecotrail. Skogsmaraton har eg også fått med meg, seier Tove som i helga var i aksjon i Oslo Maraton. Eit løp dama frå Lom har starta mange gonger.

Dybvad har fått med seg dei fleste arrangementa der etter at ho byrja å springe maraton. Laurdag vart ho kjent med ei ny løype i hovudstaden. Den tidlegare traseen var erstatta med ei løype som var mykje hardare enn den som ho og dei andre har konkurrert i dei siste åra. 53-åringen måtte finne seg i å forsere fleire høgdemeter denne gongen.

God stemning

– Det er alltid mykje folk og god stemning i Oslo. I år var det også praktfullt haustvêr. For mitt vedkommande vart det eit tungt løp i den nye løypa. Det var så mange seige motbakkar at eg grua meg litt til runde nummer to. Men det fungerte betre på den enn eg frykta, sa Dybvad etter at ho hadde gjort unna to runder på godt og vel 21 kilometer. Det var som vanleg godt å koma til mål.

Det er meistringskjensla ho opplever etter målgang som er belønninga for 42,2-kilometers løping. Slik var det også denne gongen for den spreke læraren som har opparbeidd seg mykje erfaring om maraton etter at ho vart ein del av dette miljøet. Mange utanlandske arrangørar har hatt gleda av å ha henne og sambuar Tore på startstreken.

New York

– Kva planar har du på løpsfronten for resten av hausten, Tove?

– Eg har eigentleg berre planlagt eitt løp til. Det er New York Marathon den fyrste helga i november. Det er ein tur og eit arrangement eg ser fram til ettersom det er eit flott arrangement, sa slitaren som har delteke i verdas største og mest prestisjefylte maratonløp tidlegare. Det vart ei såpass positiv oppleving at ho ynskte seg attende. I år fann ho og sambuaren tid for å ta turen.