Måndag førre veka hadde det rasa ned ein stor stein i fylkesvegen mellom Ulsand og Grev.

Den par hundre kilo tunge steinen måtte flyttasst på for at skulebussen skulle koma fram.

Og der vart steinen liggjande.

Folk som har teke kontakt med Fjuken, fortel at ansvarlege for vegen vart varsla, og det vart sett opp refleksmarkering.

Både dei som ferdast etter vegen dagleg og sjåførane av skulebussen, reagerer på at steinen framleis ligg der, over ei veke etter at den rasa ned i vegen.

Da Fjuken tysdag tok kontakt med Andreas Sande Lien, byggjeleiar for driftskontrakt Ottadalen i Statens vegvesen, lova han å sjekke saka.

Det gjekk ikkje mange minutt før han ringte opp att til lokalavisa.

– Eg har vore i kontakt med Mesta. Dei fjernar steinen i løpet av dagen, sa Sande Lien.